Notater |
- Martin var fødd i 1911. Han vart døypt i Sola kirke(?) 26. februar og fadrar var i tillegg til foreldra, Emisær Torger P Klingsheim og kona Anne Mariesom budde rett ved sida av på Klingshei bruk 1.
Martin var ikkje glad i skulen. Læraren for hardt med han, og faren Alfred støtta truleg læraren meir enn sonen. Læraren styrte mellom anna Martin mellom pultana ved å halda han i øyrene til blodet rant.
Martin vart konfirmert i 1925, og fekk seg då etter dette arbeid i Stavanger på katolske sykehuset, der han arbeidde som fyrbøtar, utflytting registrert i 1927 men dato satt til 1. oktober 1926 flyttet til ... hospital Stavanger (https://media.digitalarkivet.no/view/67010/45).
Martin og Margit er gift i Hå prestegjeld i 1938 (Varhaug kirke?). Fedrene Alfred og Rasmus var forlovere i bryllupet. Martin var då gardsarbeider på Byberg, mens Margit var heimeverande på Varhaug.
Dei fekk sonen Arnold midt på sommaren i 1939 - 18. juli. Eit år etter var det krig i Noreg.
Då krigen kom til Sola, budde Martin og Margit på Byberg. Dette var eit stykke sør for flyplassen men eg trur ikkje dei fekk bli buande på garden likevel. Tyskarane overtok truleg huset, men at dei fekk drive på garden likevel. Martin arbeidde på garden til Martin og Amanda Hetland som eigde ei mølle og budde ein annnan stad medan Martin og Margit budde på Byberg og dreiv garden.
Under krigen bidrog Martin med informasjon til motstandsrørsla om aktiviteten på flyplassen. Men eg har ikkje klart å finne kven som fekk denne informasjonen.
Martin hadde i bakhovudet at dersom det skulle bli problemer på Sola, kunne han ryma nordover til Haukås eller Sveio, eller over til England. I Sveio levde lensmannen farlig. Lensmannen i Sveio drepte mellom anna ein tysk soldat som han meinte viste for mykje. Så Sveio frista ikkje. Over til England var og risikofylt, og kona sat heime med ein gut, og snart to. Så då var Haukås løysinga.
Så var Margit blitt gravid med Reidar ho skulle få i mars 1942. Samtidig hadde søstera til Martin, Inga Klingsheim og vorte gravid.
Lensmannen (på Sola?) kom til Martin ein kveld seint i februar eller tidleg i mars 1942 og varsla at han måtte komme seg bort før neste morgon. Då sende han Margit til Lerbrekk og reiste sjølv først til Stavanger. Der overnatta han saman med sonen Arnold før han tok båten neste dag nord til Slåttevik og Haukås.
Martin kom til Haukås i mars 1942. På Varhaug eller Lerbrek fekk Margit sonen Reidar. 17. mars 1942. Der fekk Reidar truleg berre ein månad før Margit og Reidar flytte til Haukås.
Hjå lensmannen i Tysvær er heile familien registrert innflytta til Haukås 14. April 1942 (sjå bilete).
I 1957 fekk dei elektrisitet på Haukås frå Karmsund Kraftlag.
|