| Notater |
- Annik vaks opp på Vasstun, bruk 13 i Hervik. Ho gifte seg i Hinnerå kirke, 21 år gamal, 25 Jan 1908 med Torbjørn Olsen, 28 år, frå Nordtveit på Nedstrand. Men mannen døydde allereie 8 dagar etterpå. Dei fekk likevel ein son Torbjørn som vart buande på Nortveit (i Nedstrand).
I 1910 finn me Annik på Nordtveit bruk 1 som enke med sonen Torbjørn. I folketellinga er dei registrert saman med familien som kjøpte bruket når mannen til Annik døydde. Ole Bjørnsen Nordtveit 34 år og Anna Beate Olsdatter Nordtveit 27 år har tatt over gårdsbruket. Annik er enke 23 år med sonen Torbjørn 3 år på same adresse og driv med husflid, kanskje i eige hus? I tillegg på same adresse: Ei føderådskone Marta Nordtveit 54 år enke, ein Jens Hinnerå 75 år under offentlig understøttelse, og Ingvald Nordtveit 16 år jordarbeider.
I 1909 finn me Annik som fadder 4 juli for jenta Taletta. Foreldre Ludvig Tomassen Sølyst 38 år og Taletta Olsdatter 35 år. Saman med tre andre fadderer, to frå Hervik.
I 1910 finn me og Annik som fadder til ei jente Malene på Voll ved Hervik. Det er søstera til sin neste mann som skal døpe barnet sitt. Fadder er også dattera til naboen ser det ut for, ei Brita Hansdatter Laupsa, tippar eg er dotter til Hans Hansen Laupsa f. 1855 (frå Vigra budde på Vold) (Tysvær kirke 9 Okt 1910, https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001119701).
Annik gifte seg så på nytt 2 Feb 1911 i Stavanger, då med Kornelius Olsen Voll/Vold, og dei overtar garden til faren hans på Vold.
Så i 1920 finn me då tre familiar på Vold:
Kornelius Olsen Vold, gardbrukar 42 år og kona Anik Augustensdatter 33 år husmor. Sønene Ola Korneliusen Vold 9 år, Alfred Korneliusen Vold 7 år, Talluf Korneliusen Vold 5 år, og Gilbert Thormod Korneliusen Vold 1 år. Ei dotter Malena Korneliusdatter Vold3 år,
Andre familie: Svigerfar til Annik: Ole Kolbensen Vold, 64 år Føderaadsmand og kona Malene Tallufsdatter Vold 63 år husmor, og broren til Ole, Kolbein Andreas Kolbeinsen 69 år, tidligere gaardsarbeider hos Ole og som nå forsørges av han.
Tredje familie: Hans Hansen Laupsa 45 år frå Vigra ved Ålesund, Stuert seiler med stimbaat og kona Katrine Bertilde Olsdatter Laupsa, 38 år frå Tysvær. Hans og Katrine har 6 born heime, Brita nemnd ovanfor er truleg og ei syster som kan ha flytta ut. Borna heime er: Margit Hansdatter Laupsa 12 år, Malena Hansdatter Laupsa 10 år, Hans Hansen Laupsa dy 9 år, Ole Hansen Laupsa 7 år, Tanny Hansdatter Laupsa 5 år (fødd i Stavanger!), Haldis Hansdatter Laupsa 4 år.
|