| Notater |
- Brynhild var einaste dotter til Lensmannen Osmund Stokka og Liva.
Gudmund og Brynhild budde på Ile i Vikedal, og det var skifte 1. og 2. oktober 1690 etter Brynhild. Då var det jordegods i 50 gardar med tilsaman mest 60 laupar smør. Berge Velde kallar dette ekteparet "Rogalands - for ikke å si Vest Norges - største jorddrotter på sin tid". Samla verde ved skifte var rekna som 3483 Riksdalar. Her var m.a. 3 sølvkanner, sølvskål, sølvbelte og sølvkrone, 22 tinfat og 33 tintallerkar. Ein overlag stor rikdom vart delt mellom dei ti borna deira. Dottera Kari kom til Stillufseike 7 og sonen Osmund tok over på Stokka. Noko av rikdommen ved skiftet var nok komen frå Stokka.
Gudmund var lensmann i Vats
|