| Notater |
- Gard Toresen var Lagmann i Ryfylke i 1423,. det vil seie adelsmann i Ryfylke. Gard er av ætta 'ei lilje'. Me veit ikkje kor faren hans Tore budde eller kom frå (Forsandboka bd. 2, s.40).
Gard vart gift med Ramborg, ei stormannsdotter frå Sverige. Kanskje fekk ho og med seg medgift slik som søstera Katarina, ei medgift på 100 lødige mark. Uansett må Tore og ha vore godt i det frå før for å få gifte seg med ei stormannsdatter frå Sverige.
Då søstera til Ramborg, Katarina på Talgje, døydde på Birgittinarklosteret på Vadstena i 1407, var det borna til Ramborg som var arvingar. Gard Toresen reiste då til Dronning Margrethe for å avklare arv. Han kom truleg til kjente og vener. Dronning Margrethe var omlag 55 år, og ho hadde fått opplæring i Akershus som 10-15 åring av Märta Ulvsdatter, mor til Ramborg (som allereie var død) og Ingegärd som døydde på Vadstena i 1407 er i wikipedia omtala som ei av dei næraste kvinnelege vennene Margrethe hadde i oppveksten på Akershus. Denne tida var Ramborg og Ingegärd 3-8 år yngre enn Margrethe, kanskje Margrethe vart godt kjend med begge desse damene i tida på Akershus.
Wikipedia: Märta/Merete's daughters, Ingegerd and Catherine, became her closest female friends, with Margaret later showing favoritism to Ingegerd (tre år yngre enn Dronning Margrete), who became an abbess, as well as her monastery.
Det er fleire dokumenter som fortel om hendingar og arv som er knytt til Lagmann Gard Toresen.
Gard Toresen sine born arva Isse og Talgje-godset då svigerinna Katarina Knutsdatter døydde i 1407. Men garden Hesbø vart verande krongods til svenske krona. Gard Toresen reiste til Dronninga av Norge, Sverige og Danmark, til Båhus festning lengst sør i lenet Båhuslen som då høyrde til Noreg, like nord for Gøtaelven (dronning 1387 - 1412, https://en.wikipedia.org/wiki/Margaret_I_of_Denmark).
Nokre viser til at Ramborg var datter av Knut Algotson og ei frille, og at mor ikkje var Märta Ulfsdatter Lejon. I tilfelle er Ramborg ikkje barnebarn av Den Heilage Birgitta. Dette tilbakeviser Sigleif Engen i tolkinga av Lagmannsbrev frå 1408 (Forsandboka bd 2).
Diplomatarium Norwegicum (20 Jan 1408): Søstera Katarina er død og borna til Gard og Ramborg er næraste arvingane - Lagmannsbrevet DN I nr.614.
Båhus brev der Gard Tore fraskriver seg arv (14. mai 1409, 21. mai 1409)?
Med Ramborg som kom til Ryfylke kom namnet Israel i bruk her.
Det er også oppsummert om Gard Toreson i "Slektsbok for familiene Øglænd, Svendsen og Lunde av Sandnes og Høyland i Rogaland fylke" Ola Aurenes 1953. s.80-84
|