Notater |
- Reidar vart fødd rett etter Margit og Martin måtte ryma frå Byberg i 1942, fordi tyskarane skulle ta Martin.
Margit var høggravid og fødde Reidar kort tid etter heime hjå sine foreldre Rasmus og Rebekka på Varhaug/Lerbrekk.
Men samtundes døydde også mor til Margit, Rebekka, 1. mars, 16 dagar før Reidar vart fødd. Kanskje difor han og fekk namnet Reidar etter Rebekka? Elles var Rasmus mykje brukt namn i familien, men dei ønskja likevel ikkje ta dette namnet vidare. Reidar var truleg om lag ett år då dei flytte etter Martin til Haukås i Tysvær.
Under verneplikten var Reidar på Bardufoss. Han utdanne seg til agronom på Tomb jordbrukskole.
Reidar drøymde nok alltid om å driva gard.
Forpakta han og noko i Ølen først?
I Vikedal på Nedre Espevoll bruk 3 (Litlamo) fekk Reidar forpakta ein gard. Det var garden til Andreas Bjørnsen Lilleland (1893-1969) og Magla Espevold (1907-1998). I 1950- åra var bruket på 55 dekar dyrka mark. Dei hafdde 9 kyr, 2 kalvar og 5 hestar, høns, 2 griser og 30 sauer.
På Litlamo dreiv Reidar med hest og var på unghestsjå iallefall to gonger, 15 mars 1966 i Sandeid og mars 1967 i Haugesund. Begge åra fekk han sløyfe for merra "Øydis" fødd 1965 (Hgsd Avis 16 mars 1966, Haugesunds Dagblad 3 mars 1967). I 1968 er han med på klubbmesterskap på ski i Vikedal, 10 km (Haugesunds Dagblad 7 mars 1968).
Peder Innvær frå Bremnes og Nelly Selle frå Bømlo overtok deretter garden, skøyte 1967. Reidar auksjonerte bort ni mjølkekyr på Mo 1 april 1967 (Haugesunds Avis 29 mars 1967). Andreas og Magla flytta til Hellandsbygd og dreiv butikk der. Dei var barnlause.
Ved Hogganvik fekk Reidar og kjøpt seg ei lita tomt, Hogganvik (gnr 69) bruk 37, skøyte i 1972. I 2022 har bruket adresse Saudavegen 4439. Reidar kjøpte materialer til eit stabbur av broren Magne og fekk broren og til å sette opp stabburet. Han ga eller solgte eigedommen og stabburet etter nokre år til misjonen (Hgsd Avis 19 des 1979). Etter dette vart eigedommen kjøpt som fritidsbustad av Oddvar Hausken (i 1979), og deretter av Ingolf Magnus (i 2008). Ingolf var busett i Ytre Arna ved Bergen men oppvaksen her på Hogganvik.
Men etter å forpakta garden i Vikedal byrja Reidar som lastebilsjåfør. Kanskje før det og? Tanken var nok at dette var midlertidig til han fant seg ein ny gard. Men midlertidige ting har ein tendens til å vara, og Reidar døydde 30 år seinare med same jobben. Dette treivst han nok godt med, men han hadde og ei tid med gard ved Farsund nord for Molde utan å fast busette seg der (Fræna kommune). Fræna formannskap tilrådde konsesjon til garden Einseth gnr 87 bnr 71 i Fræna (Romsdals Budstikke 12 nov 1980). Einet på Fræna la han etter 6 år ut for sal, prøvde igjen i 1992 (Romsdals Budstikke 2. oktober 1986, og 7. feb 1992) . Det vart å køyre høy særleg frå Telemark til Vestlandet. Han henta og høy frå Island eit år det var dårleg med høy å få i Telemark (omlag år 1980).
Litt seinare fekk Reidar sett opp eit høylager i Åmot i Vinje på eit tidlegare idrettsområde (gnr 16 bnr 1 fnr 2).
Reidar hadde gjerne med seg ungdommar i lastebilen når dei ønskte å vera med å arbeida. Særleg onkelbarna til Reidar hadde mange gode opplevingar med høyarbeidet i Telemark.
I 1971 annonserte Reidar sin Mercedes 1113 lastebil til salgs for å gå over til større (Hgsd Avis 29. mai 1971)
I 1980/81 la Reidar ein Scania buss 1960-modell ut for salg (Stavanger Aftenblad 22 mai 1980, Haugesunds Avis 31 oktober 1981/18.okt 1984)
|