| Notater |
- Margreta Mikkelsdatter var frå Madland på Varhaug. Ho var den tredje som fekk eit uekte born med Rasmus Rasmussen, min tippoldefar (morfar til Margit Klingsheim).
Margreta var 30 år, medan Rasmus var 32 år.
Dei fekk dattera Rakel Rasmusdatter 12 februar 1866. fadrar i dåpen hennar på Varhaug er namn som liknar:
- Jakob Ommundsen Aarsland, Sivert Rasmussen Madland, Inger Sivert......dtr Aarsland, Juditte Jonedatter Madland, Talette Sivertsdatter Madland.
- www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000028836928
I 1875 bur Margreta 39 år og dottera Rakel 9 år saman med bror til Margrete, Elias Mikkelsen på Madland. Elias er ugift 34 år og har tatt over garden til foreldra. Tre av søstrene til Elias bur og her, mellom dei er Margreta som har jenta Rakel Rasmusdatter hjå seg. Tanta til Rakel, Berta Mikkelsdatter 47 år er i folketellinga registrert som "tulling" (ikkje medfødt).
- www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052243003056
I 1888 sel Elias Mikkelsen garden på Madland til Ingebret Tjølson Årsland, og får folge her på garden Madland (Hå 2).Men kvar blir Margrete og Rakel av?
I 1891 bur Margrete og dottera Rakel kvar for seg.
Ei Margrete Mikkelsdatter ca 56 år, finn eg på Nord-Tjemsland på Varhaug (f. 1837 er to år feil, om det er rett kvinne). Ho er i forpleining hjå Peder Pedersen f.1835/1839 og Margreta Nilsdatter f. 1840/1841 (saman med deira to døtre og ein bror av Peder), forsørget av Varhaug fatigkasse. (www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052927002369, Hå 2: Nordre Tjemsland nr 36)
I 1891 finn eg Rakel/Rakkel Rasmusdatter Madland ca 25 år, på Sør-Varhaug bruk 13 som tenestejente hjå Ole Olsen Sør-Varhaug, ca 43 år og ugift og har far sin på gården Rasmus Olsen f. 1813).
Rakel bidrar med kreaturstell, husgjerning, markarbeide, samt tarebrenning (folketelling 1891 Hå kommune, www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052927001967). I folketellinga 1891 står det at Ole Olsen er ugift. I Hå 2 er han nemnd gift to gonger?
- Ole Olsen fødd. 9 juli 1847 - d. 26 juli 1936. gift 24 oktober 1894 m Anna Kristina Larsdatter (Refsland 10b, f. 13 desember 1854 - d. 9 august 1902). Ole Olsen gift andre gong 20 juni 1906 med Anna Kristina Tobiasdatter (Ueland 68a, f. 29 august 1872 - d. 21 oktober 1933). Fem born i andre gifte.
- Ole Olsens første gifte: www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000006581691 (han konfirmert på Varhaug i 1862, Anna Kristina same stad i 1869).
Margrete døyr i 1891, men kvar vert Rakel av?
|