| Notater |
- Min tipp-tipp-oldefar (oldefar til Johanna Skogøy).
Kristoffer vart far i 1862 til Marte, utan at han var gift med mor til barnet, Siri Tormodsdatter frå Klungtveit. Kristoffer var då 27 år
I 1863 Skilde han ut bruk 2 frå garden på Narravik.
Dette året vart han og gift med Eli Rasmusdatter frå Norheim på Sjernarøy og fekk sonen Elias som kun levde om lag ein månad. Både kone og barn døydde Des 1863/Jan 1864. Ekteskapet er knapt 3 veker gamalt når kona døyr.
Året etter, i 1864, vert han gift med søstera til Eli, Marta Rasmusdatter, og dei får ei datter - Elen Karine - kun 9 månader etter han hadde gravlagd sonen sin - Elias.
Så i folketellinga 1865 finn me familien på Narrevik , løpenummer 103: Kristoffer 29 år og Marte 24 år, dattera deira Elen Karine 2 år (truleg 1 år), ein tenestedreng frå Sand - Naver Olsen 18 år, og ei tenestejente frå Sand - Joren Knudsdatter 19 år.
Kristoffer døydde om lag 40 år gamal i 1875 ved at eit segl fall over han på sjøen. I folketellinga dette året finn me difor Marthe Rasmusdatter som enke på garden Narrevik, nemnd at ho er fødd 1843. Svigermor Ane Margrete Larsdatter er føderådskone, 73 år gamal. Marthe har dei to borna, Elen Karine 11 år og Edvard Laurits 9 år. Framleis er det og to tenarar på garden, Bergithe Svendsdatter 24 år frå Nerstrand sokn/prestegjeld, og Johannes Tjærandsen 18 år frå Nerstrand sokn/prestegjeld.
I 1891er det meir uklart kvar Marta bur, men me finn henne i tellekreds Kallakodt, Evje og Hersdal, så kanskje framleis i Narravik. Ho er no gift med Martin Kolbeinsen (f 1849). Saman med dei bur tenestejenta Elen Sofie Kristoffersdatter på 12 år (dotter til Strandsitter Kristoffer Eriksen Hellerøy og Siri Sjursdatter).
I 1900 er det Marta sjølv som har vorte føderådskone på Narravik, 58 år gamal, saman med mannen som er føderådsmann Martin Kolbensen 51 år gamal. Dei bur hjå dottera hennar - Elen Karina - som driv saman med mannen John Danielsen Narrevik og deira to born - Daniel 12 år og fårehyrde og Kristoffer 9 år.
|