| Notater |
- Knut var son nummer to i ein søskenflokk på 6. Ein yngre bror, Daniel, reiste til Amerika i 1860, då Knut fortsatt var ugift og 28 år. Kanskje var Knut og freista til å reisa. Broren Nils hadde gifta seg og budde på Finnøy. Når den andre broren Daniel reiste, flytta samstundes Nils frå Finnøy og tilbake til heimegarden på Klungtveit, kanskje han dreiv deler av garden. Huset sto vel tomt etter Daniel som reiste. Det står meir om broren Daniel i boka Nerstrandslaget.
Anik vaks opp på husmannsplassen Einarstø på Klungtveit. Ho fekk namnet Anik etter mor si. Som pike tjente ho hjå Ole Pedersen på Tendeland i 1865, 25 år gamal. Det var mange kvekarar blant dei på Tendeland. Martin Nag skriv mykje om desse, det vaks fram eit sterkt kvekarsenter på gardane Tendeland, Landråk, og Djursvoll.
Knut på Klungtveit og Anik oppvaksen på husmannsplass på Klungtveit gifta seg i 1867. Anik var 27 år og Knut hadde vorte 35 år.
Etter ei kort tid saman på Klungtveit budde dei 30 år på Kallakodt, 1868 - 1898.
Knut Danielsen frå Klungtveit kjøpte garden på Kallakot i 1868 av Ole Tollevsen, 63 år. Ole hadde hatt garden i omlag 30 år, men han og kona Maren Tormodsdatter reiste då til Amerika denne våren saman med seks av sine born.
Knut og Annik var tremenningar med felles oldeforeldre frå Hustoft. Besteforeldra Knut Gunnarsen og Sjur Gunnarsen var brødre.
Ein finn Knut og Anik på Kallekodt i folketellinga 31 desember 1875, då med tre born Thormod A. Knudsen 6 år, Daniel Knudsen 4 år, og Daarthea Knudsdatter 1 år. I tillegg var det ein tjenestegut her Lauritz Thorbjørnsen, ugift 17 år. Dei hadde ein hest, 5 kyr og 29 sauer inkludert lam. Dei hadde sett ut 3 tønner havre og 2 1/2 tønner poteter.
I folketellinga i 1900 finn med enka "Anik Thormodsdatter" på Kallekodt, sonen Daniel 28 år, med kona Tea Maria Pedersdatter som truleg dreiv bruket saman med mor (overtok i 1923). I tillegg var yngste sonen her "Nils Knudssen" 14 år og vedhugger, dattera "Ane Margrethe Knuddatter", ugift 19 år, som dreiv kreaturstell og Thomine Gurine Andreasdatter 6 år, barnebarn til Anik
Sonen deira Daniel overtok garden på Kallakodt i 1923, 25 år etter at faren døydde, for 5000 kr. Mor hans Anik var då 83 år, men levde 6 år til, og døydde i 1929 89 år gammal som folgekone .
Anik er fadder i dåpen til Karen Serine Knutsdatter på Kallakodt i 1888 (foreldre Knut Larsen og Brønla Johanna Jonasdatter på Kallakodt). Elles finn me Annik, 54 år gamal, som vitne ved nøddåp på husmannsplassen Enerstø på Klungtveit i 1894 (Hinderå kirkebok). Det er ein Haralseid som utfører dåpen, foreldre til barnet Tora Gurine, er Augustinus Enerstø (40 år) og Helena Olsdatter (30 år) busett på husmannsplassen på Klungtveit. Anik er søstera til Augustinus Enerstø, og såleis er det eit tantebarn som må gis nøddåp. Barnet, Tora Gurina, døyr 2 1/2 månad gamal, 11 Nov 1894.
Etter ektemannen Knut døydde i 1898 var Anik på Kallakodt i folketellingane i både 1900 og 1910.
I 1900 budde Annik på Kallakodt saman med sonen Daniel som dreiv garden saman med kona Tea Maria Pedersdatter, pluss ei ugift datter på 19 år, Ane Margrethe Knuddatter Kallakodt, og ein ugift son på 14 år, Nils Knudsen Kallakodt. Saman med desse budde og barnebarnet til Anik, Thomine Gurine Andreasdatter - 6 år. Foreldra til Thomine var Dorte Karine Knutsdatter og Ole Andreas Nilsen Sætre. Ole Andreas reiste truleg til Amerika (kirkeboken i 1894). Kallekodt.
I 1910, framleis hjå sonen Daniel som føderådskone. Daniel bur der med kone og seks barn, pluss to søsken Andreas og Nils Knutsen Kallekodt og gamle Anik på 68 år.
I dødsfallsprotokollen i 1929 er ho registrert på Sandsmark (Sand, Hervik). Ho var då hos sonen Andreas. Svigerforeldra til Andreas budde og her. Sonen Andreas og Lisa budde nok også der. Dei vart gift 1928.
I 1920 finn me Anik på Kallekodt som føderådskone på 80 år som strikker strømper etter bestilling, saman med sonen Andreas 41 år.
I 1929 døydde Anik av slag ifølge kyrkjeboka. Ho er nemnd folgeenke Annik Tormodsdatter Kallekodt, buande på Sandsmark.
|